Personar med alvorleg svekka immunforsvar får nå tilbod om ein tredje vaksinedose.

Desse får tilbod om ein tredje vaksinedose nå:

  • Organtransplanterte.
  • Beinmargstransplanterte (i løpet av siste to år).
  • Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt.
  • Pasientar med alvorleg nyresvikt, eller som er i aktiv dialysebehandling.
  • Pasientar med avansert eller ubehandla hiv-infeksjon.
  • Kreftpasientar med aktiv eller nylig gjennomgått immundempande behandling.
  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak (sjå medisinliste).
  • Pasienter over 65 år

Dersom du er i tvil om du skal ha tredje dose, kan du venta til sjukehuset tar kontakt med deg.

Det er Time kommune som forvaltar vaksinane. Ved spørsmål, ta kontakt med dei på telefon 51 77 62 70 eller sjå på nettside: time.kommune.no