Om du mistenker at du er smitta av koronaviruset og har behov for legehjelp (tungpust eller nedsatt allmenntilstand) må du ta kontakt med fastelege eller legevakt.  
 
Det er veldig viktig at du ikkje møter opp uanmeldt på legekontoret.
 
Telefonnummer til legekontoret er 51 77 66 66.
 

Ny rutine for testing 

Frå og med onsdag 12. august treng innbyggarane ikkje ha henvisning frå lege for å bestilla covid 19-test. Alle kan ringa direkte til legevakta for å bestilla tid for test.  
* Dagtid: ring 51 68 31 50  
* Ettermiddag, kveld og helg: ring 51 42 99 99 

Ingen må møta opp utan avtale. Det er dessutan viktig at ein møter opp presis til den tida ein får tildelt, og ikkje lenge før. Det vil skapa unødig kø. 

 

Er du frisk og har spørsmål om koronaviruset kan du ringa Helsedirektoratet sin informasjonstelefon på 815 55 015.

Symptoma på sjukdommen er dei same som ved andre luftvegsinfeksjonar. Det vil seia hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar, i tillegg kan lukt-og smakssans forsvinne.

 

Treng du sjukemelding? Høyr først med arbeidsgiver om du kan bruke egenmelding. Hvis du ikkje kan det, send gjerne elektronisk melding i staden for å ringe oss. 

 

Aktuelle linkar som kan gi utfyllande informasjon: 

Informasjon frå Time kommune

Folkehelseinstituttet